onsdag 15. desember 2021

Gjestedesigner hos Scrappegarasjen



Det er hyggeleg å få vera gjestedesigner hos Scrappegarasjen no i desember. Temaet er pakkelappar, og det er jo ein koseleg ettermiddagssyssel. I år skal me (kanskje) feira med storfamilie frå fjern og nær, store og små, og då er det spesielt gøy å dekorera lappane med bokstavar, så kan alle vera med å gjetta kven gåva er til før ein les namnet på baksida. I tillegg synest eg dette alfabetet er ganske tøft, då ein kan kombinera ulike papir i ein bokstav. 


Utstyr som er brukt i dette prosjektet:

QuicKutz University alfabet dies
Sizzix Framelits tag dies
Kort & Godt taldies
Alexandra Renke City at Night dies
Kartong: kvit, kraft og svart 
Vellum
Kvitt embossingpulver
Heating tool
Div. stempelputer 
Stempel frå bl.a. Kort & Godt og Marianne Design
Div. hyssing og band, nytt og brukt
Dina Wakley white glossy acrylic spray 


Eg likar å pynta pakkelappane med litt ulike motiv, og brukar ofte restar frå tidlegare prosjekt som eg har samla i ulike esker. Det kan til dømes vera små vintervottar, huer, snøkrystallar, kransar, hus eller tal. Det er fint å setja eit personleg preg på lappane, alt etter kven som er mottakar.


Dei fleste av pakkelappane består av to eller tre tags. Då får ein sjansen til å pynta litt ekstra. Eg har valt talet 24 på dei fleste, og i tillegg laga ei lita vinterscene med dei små husa og bilane til Alexandra Renke. Med snøsprayen på kartongen i bakgrunnen blir det ekstra stemningsfullt.


    











Takk for denne gongen, og god førjulstid:)!


Nina









 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar