søndag 28. september 2014

Bursdagskort...

...til jenta vår som blir tolv år i morgon:-)
Gamle kjøleskapsmagnetar har fått nytt liv, og arka med friske fargar vart kjøpt inn i Singapore i sommar.

søndag 14. september 2014

Stordascrappen

Då var Stordascrappen over for denne gongen. Det har vore ei kjekk og inspirerande helg saman med gamle og nye vener. Takk til Linda for blogg-rettleiing:-)
Her er eit kort eg laga til utfordringa på sundag.


lørdag 13. september 2014

Velkomen til bloggen min:-)

Denne flotte helga er sett av til scrappetreff og bloggkurs på Sagvåg skule i regi av Stordascrappen.
Her er målet å læra å leggja ut forskjellige scrappeprosjekt.
Dette er gårsdagens produkt. Eit fotokurs må visst til for å læra å ta bilete utan skuggar og golv;-)