fredag 22. april 2016

Vekas utfordring hos CSI

Ny oppgåve frå CSI. Fine fargar å laga ein natur-layout med:-)


Her er mitt bidrag. Fargane stemmer ikkje heilt, men sånn blir det berre nokre gonger;-)


mandag 18. april 2016

CSI Design Team


Dette hadde eg ikkje drøymt om då eg besøkte sida til CSI første gong:-) 
Men utfordringane deira likte eg frå første stund. Her var det ikkje berre viktig å laga ei flott side, men også å fortelja historiar som kan bli fine minne for dei som kikkar i albuma seinare. Målet mitt var å laga fine fotoalbum for ungane våre som dei ville kosa seg med. Og med bileta kjem historiane. Å skrive dei ned, gjer at dei lettare vil bli hugsa, og ungar flest elskar når ein fortel morosame hendingar frå dei var små:-)

No gler eg meg til nye utfordringar med det kreative og inspirerande designteamet i CSI:-)





Konfirmasjonstid

I dag vart eg ferdig med nok eit konfirmasjonskort. 
Denne gong med god inspirasjon frå Kort & Godt sitt galleri:-)


Springtime is confirmation time in Norway. Lately I´ve been making a few cards to our relatives and friends. Inspiration comes from Kort & Godt´s gallery.

lørdag 16. april 2016

Konfirmasjontid


I år kjenner me fleire konfirmantar, og dei har eg lyst å laga kort til. Her er to nesten like eksemplar. Den med instrument og g-nøkkel går til ein kjekk gut som spelar kornett i korps.



Baksida på kortet fortel litt om at konfirmanten er glad i fjellturar og speidarliv.