lørdag 20. januar 2018

CSI Case File No 246: Baby Bunny

Endringar i CSI frå 2018 av! 
No kan du køyra freestyle, og ikkje lenger vera bunden av dei tradisjonelle fargane og "spora" som er foreslått. Det er nok å laga ei side basert på inspirasjon av biletet/scena, og skriva litt om kva som inspirerte deg. 

Du kan sjølvsagt halda fram som før, også, og løysa oppgåva på den gamle måten. Det viktigaste er at du får lyst til å scrappa og ta vare på minne som er viktig for DEG. 

Flotte premiar er det kvar månad. Lukke til:-)



Mitt forslag til løysing:


Eg vart mest inspirert av scena, og haren fekk meg til å tenkja på nokre bilete eg hadde liggjande av dotter mi i ein jakke med kaninøyre. Eg likte godt fargane som høyrde til, og valde å bruka dei på tradisjonelt vis. Eg treng nok litt tid på å køyra freestyle sjølv, og måtte støtta meg på foreslåtte spor nedst på CSI si førsteside;-)