Dette hadde eg ikkje drøymt om då eg besøkte sida til
CSI første gong:-)
Men utfordringane deira likte eg frå første stund. Her var det ikkje berre viktig å laga ei flott side, men også å fortelja historiar som kan bli fine minne for dei som kikkar i albuma seinare. Målet mitt var å laga fine fotoalbum for ungane våre som dei ville kosa seg med. Og med bileta kjem historiane. Å skrive dei ned, gjer at dei lettare vil bli hugsa, og ungar flest elskar når ein fortel morosame hendingar frå dei var små:-)
No gler eg meg til nye utfordringar med det kreative og inspirerande designteamet i CSI:-)