søndag 10. desember 2017

Førjulstid - gjestedesigner i PLIN

For nokre veker sidan fekk eg ein førespurnad om å vera gjestedesigner i Project Life i Norge sin julekalender. Kjekt å få ein dytt til å prioritera litt pl-scrapping igjen😁.
Det er ikkje så veldig vanskeleg å laga pl-sider i desember, ein travel månad med mange kjekke hendingar. Eg valde å scrappa kvelden før og natta til 1. desember. Ein travel kveld for mødrer med små og større barn. Når sluttar ein eigentleg med adventskalender😉?
Eg hengde opp adventskalendrar til dei to ungdommane mine, samt til mor mi som skulle få ei overrasking etter å ha vore to veker på sydlegare breiddegrader. I tillegg har eg min eigen kalender, med gåver frå mor og søstrene i Lillestrøm og Singapore. 

                             

I tillegg laga eg ei side frå førjulsturen eg og dotter mi hadde til Oslo. Kjekt å møta slekta att, handla julegåver og få bada i tante sitt fine badekar - med badebombe:-) 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar